Den tradisjonelle påsketuren til babysong og småbarnstreff gjekk i dag av stabelen i Rimbareidfeltet, der dei samla seg til grilling og koking av gule egg.

Snø, strålande solskin og bålbrenning lokka mange små og store til skogen. Det var vanskeleg å få oversikt over alle, for dei fleste sat lite i ro, og det var mykje spennande å sjå på og undersøkja i skogen. Men me telde til 17 mødre og ei bestmor, og mellom 25 og 30 ungar.

Fleire nytta det fine veret til å få seg ein trimtur ved å spasera til skogen, andre kom køyrande fleire mil for å få med seg uteaktiviteten. Dei yngste sov seg gjennom heile skogsturen, andre tok berre ein liten lur, medan dei fleste frå 1 år og opp til 5 år sprang rundt med ei pølsa eller eit påskeegg i handa og leikte i snøen eller lette etter pengar i skogen. Nokre hadde med seg ski og akebrett, andre bøtter og spadar. Dei fleste vaksne fant seg ein stubbe å sitja på, grilla, serverte dei små mat og fekk god tid til ein kjekk prat. Då båla hadde brunne ned, alle pølsene og egga var oppetne og leirplassen var rydda var det fleire ungar som kunne tenkja seg å vera lenger i skogen. Men no var det over for denne gong, og dei vaksne var klar for å gå heim. 

Astrid Prestbø og dei andre på småbarnstreff lovar fleire utetreff utover våren, for dei som likar det. Neste onsdag samles dei til vanleg babysong og småbarnstreff inne på bedehuset, men så onsdagen etter det er det nytt utetreff, på leikeplassen på bedehuset. Då må alle ta med seg nista og drikka, og møta der klokka 10.30, så treff ein nok igjen mange av dei som var i skogen i dag.

Du finn datoane for babysong, småbarnstreff og leikeplasstreff på kalenderen her på Fitjarposten.