Dunkeren Vita stiller motvillig opp til fotografering saman med den glade harejegeren Håvard Helland. Foto: Kjetil Rydland.

Gårsdagen blei etter kvart årets finaste haustdag, og Aarbø og Helland jaktlag feira dagen med å sikra seg to harar i Kidno.

Håvard Helland fortel om ein strålande jaktdag i Kidno i går, og jublar over fangsten på to harar, som er nummer to og tre for Aarbø og Helland jaktlag denne sesongen.

Saman med jaktkompisane Trond Henriksen og Rune Aarbø drog han til Svartavatnet i går føremiddag, og starta jakta frå hola ved utløpet. I det stille og etter kvart strålande haustvêret blei det fleire turar på begge sider av Kidno, nedover mot Midtvatnet og innover mot Mosavatnet. Med på jakta var òg dunkeren Vita, sjølvsagt.

– Utan den hadde me ikkje fått nokon hare, seier Håvard, og skryt over harehunden sin.

I løpet av gårsdagen gjekk den ivrige jakthunden heile 32 kilometer, og var noko medteken då me møtte dei to jaktkameratane i går ettermiddag. Håvard reknar med å la dunkeren kvila potene sine i dag, så haren i fjellet kan sjå den vakre søndagen lyst i møte!