Fitjar Musikklag slo til med en 8.-plass i comebacket sitt i Siddis Brass i helga, og i tillegg gjorde fleire tidlegare fitjarmusikantar det svært godt med sine korps i Stavanger.

Det er ein tydeleg stolt maestro for Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag, Svein Roger Koppang, som melder dette i kveld. 

Fitjar Musikklag stilte i 4. divisjon, der det var 16 korps som skulle konkurrera, og korpset hans  leverte ein flott konsert. 

Musikklaget er i vekst og rekrutterer jamt og trutt nye medlemmer. Mange av dei har bakgrunn frå skulekorpset i bygda, men musikklaget har også arrangert eige aspirantkurs. Dette er eit kurs for vaksne som aldri har «sett sine bein i eit blåseinstrument før», som dirigent Svein Roger Koppang uttrykkjer det, og mange av dei spelar no i musikklaget.

Dei er hardtarbeidande og sosiale musikantar, som verkeleg har bidratt til å gjera Fitjar Musikklag til eit Dream Team! skryt dirigenten. 

I tillegg til Fitjar Musikklag gjorde tidlegare medlemmer det sterkt med sine korps i Siddis. Anne Lunde, som no spelar med Manger Musikklag, vann elitedivisjonen. Aslaug Karine Flatråker Ottestad, musikant i Oslofjord brass, kom på 3.-plass i 1. divisjon, og Åse Toskedal kom på 3.-plass med Laksevåg Musikkforening.

– Det er utruleg kjekt når musikantar har suksess andre plassar også, understrekar Svein Roger Koppang, som er veldig stolt både av noverande musikanter og eksmusikantar i skulekorpset og musikklaget.

Me gratulerer med den flotte innsatsen!

- Annonse -