Fitjar slo igjen til med storspel. Denne gongen var det Odda som måtte bita i graset.

Ein svært så målsvolten Kjell Magne Halleråker plasserte fire ballar bak Odda målvakta i denne viktige bortekampen . I tillegg skåra Thomas Vestbøstad eitt, og Lars Engelsen kom for første gong i målprotokollen for Fitjar sitt A-lag.

Odda var farlege ein periode i 2. omgang då dei reduserte til 2-1, men då Fitjar gjekk opp til 3-1, rakna det heilt for dei. No blei det tap med 1 – 6 mot Fitjar.

-Skikkeleg godt spel av gutane våre, så når me skal ha heimekamp mot Halsnøy måndag 5. juni, vonar eg at fitjarfolket vil fylla tribunen, oppfordrar manager Agnar Aarskog.