X-faktor vinnar og MOT-ambassadør Chand Torsvik tok salen med storm, og Rimbareid-elevane imponerte, under MOT-konserten i Kultursalen i går. På biletet ser me Christina Koløen og Elin Heggøy med Chand – og MOT-koret i bakgrunnen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Chand Torsvik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Chand hadde med seg salen frå første stund, og ekstra stemning vart det då publikum automatisk brukte lyset frå mobiltelefonane og svinga dei fram og tilbake som lighterar då Chand song.

«Mobil-lighterar». Foto: Håkon C. Hartvedt

I det heile ein fantastisk flott konsert der MOT sin bodskap om mellom anna å ta vare på kvarandre og våge å vere seg sjølv, kom svært god fram. Chand bidrog òg på dette området ved å seie: «Om du ser ein som står litt åleine. Ver så snill å gå bort og sei: -Hei. Ein ven er så kolossalt mykje meir enn ingen.» 

MOT-leiar Tore Sannes starta det heile på ein frisk og ungdommeleg måte, og gav så ordet til programleiarane Ruben Træet og Oda Rydland som losa oss igjennom det heile på ein svært godt vis.

Oda Rydland og Ruben Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Chand og musikarane hans, Kenneth Aksnes og Kristoffer F. Lysgård glitra, og det gjorde sanneleg Rimbareid-elevane òg.
Heilt imponerande, synest me. Både bandet, kora, dansarane og Silje Rydland stod for svært sterke prestasjonar.
Stor honnør til skulen, lærarane og elevane.

Bandet frå Rimbareid skule: Trommer: Torstein Raunholm, Bass: Arild Waage, Keyboard: Haftstein Runarsson,
Gitar: Benjamin Fjelltun. Vokal: Christina Koløen og Oda Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Flott dans av Kari Lambach Fitjar og Chayenne Berntsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Klasse 10a og 10b gav til beste ei fin framføring av «Let it be». Foto: Håkon C. Hartvedt

MOT- koret med Silje og Oda som solistar og MOT-musikarane Kenneth Aksnes (t.v) og Kristoffer F. Lysgård i front.
Foto: Håkon C. Hartvedt

 Silje Rydland framfører «Desperado». Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange elevar tok kontakt med Chand og musikarane etter konserten, for selfie, autograf eller prat. Og Chand tok seg god tid, både til det – og til eit intervju som nokre elevar ønskte med han.

Arrangementet gav òg plass til appell ved skulesjef John Karsten Raunholm. Ein appell som var så bra at me vil leggje han ut som eigen sak.