Foto: Fitjar folkebibliotek

Fitjar folkebibliotek går for deltakarrekord under årets sommarles.

Fitjar kommune inviterer ogso i år til sommarles for alle born i 1. til 7.klasse. Kampanjen varer i frå 1.juni og strekker seg til ut august. Sommarles er nok Noregs kulaste lesekampanje, og i fjor deltok heile 105 000 born frå over 380 kommunar.

Målet med kampanjen er å motivera borna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Borna lagar seg ein profil på Sommarles.no, der dei registrerer alt dei les i kampanjeperioden, og får poeng for kvar side dei les.

I tillegg til poeng, kan borne gjera seg fortent til digitale trofé, og kule premiar som kan hentast på biblioteket. Borna får ogso tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

I september vert det sommarlesfest for alle som deltek. Då får Fitjar folkebibliotek besøk av Endre Olsen og Jørgen Sandvik som skal halda showet: Endre & Jørgen spelar Knutsen & Ludvigsen.

– Her blir det grevling i taket og ellediller og krokofanter. Borna vil oppleva mykje humor med høg kvalitet på musikkframføringa. Det blir også loddtrekning av bøker, fortel Silje Vågen Torbjørnsen ved Fitjar folkebibliotek.

Heile 62,8% av barna i Fitjar deltok på sommarles i fjor, men biblioteket håpar sjølvsagt på deltakarrekord i år.