Siste leseprøve før replikkane skal setjast saman med rørsler. Foto: Ingrid Hovstad

Replikkane og bevegelsar terpast. Neste veke skal elevane syna fram kva dei har øvd på i Fitjar kyrkje.

Fitjar kulturskule inviterer til julekonsert i Fitjar kyrke torsdag 5.desember. Her vert det både teater, dans og musikk. I speilsalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg finn me dramagruppa i full sving med dei siste finpussane på julespelet dei setter opp.

Her møter me både nissen sjølv, skurkete troll og snøprinsesser utanom det vanlege.

 – Me set opp eit lite julespel frå Akershus teaterverkstad som me har gjort ein moderne vri på, fortel instruktør Sissel Jørgensen. Ho hadde med seg ungdommane Thea Træet og Mari Hatlevik, som saman med elevane har laga sin egen vri på spelet.

Nissen må reddast, men det må ogso dokumenterast til bloggen. Foto: Ingrid Hovstad

– Her vert det både smarttelefonar, rullebrett, kjærleik og magi, lovar gjengen, før dei konsentrerer seg om øvingane sine att.

Dei flinke elevane kan linjene sine, og kjem stadig med idear som gjev spelet det vesle ekstra.

Kjenner me Fitjar kulturskule rett vil nok resten av repertoaret ha like høg standard, og ein tur til Fitjar kyrkje vil garantert gje julestemning for både store og små.