Arne Prestbø (H) og Dagfinn Brekke (KrF) ser inn i anlegget. Foto: Ingrid Hovstad

Formannskapet vitja i dag Lerøy Sjøtroll sitt snart ferdigbygde lakseanlegg ved Kjærelva. Her fekk dei sjå korleis ein skal produsera laks, og aure, i frå rogn til postsmolt.

Det er eit enormt anlegg som reiser seg ved Kjærelva. 650 millionar kroner har gått i det, men til gjengjeld får ein mangedobla produksjonen frå det førre anlegget. Produksjonssjef Jesper Økland og teknisk koordinator Svein Nøttveit informerte og viste rundt.

– Ein har nytta enormt med betong, faktisk truleg den største betongbruken i Sunnhordland sidan trekantsambandet, fortel Nøttveit, medan han syner fram dei gigantiske tankane der ein i framtida skal ha fisk.

Svein Nøttveit (t.h.) fortel medan politikarane Agnar Aarskog (Ap) og Arne Prestbø (H) lyttar. Foto: Ingrid Hovstad

Gjenbruk av vatn

Medan det gamle anlegget ved «Kvedno» var eit gjennomstrømningsanlegg, er det nye eit resirkuleringsanlegg. Det tyder at det nye anlegget nyttar mykje mindre vatn frå Storavatnet enn det gamle.

– Me resirkulerer vatnet fleire gongar. Me tek ut slammet(fiskelort), og tørkar det. Slik vert transport enklare sidan ein slepp alt vatnet. I tillegg slepp ein at det ligg og gjærar. Litt nytt vatn må ein alltid tilføra, rundt 300 liter per kilo for, fortalde dei to menna.

Det er mykje teknologi i bygget. Politikarane fekk sjå tekniske rom, kontrollrommet, sorteringsstasjonen, og den avanserte vaksinestasjonen.

Foto: Lerøy Sjøtroll

Ser mot Kråko

Økland og Nøttveit fortel at det er mykje besøk på anlegget. Difor har ein laga eit flott administrasjonsbygg der ein kan husa gjestar. Her møter ein blant anna bord kledd av lakseskinn, laga av Bjørg Strømme. Kantina har store vindauge, og ein ser rett bort på austsida av Kråko.  Ein har elles laga visningsgangar, slik at ein kan sjå anlegget på ein effektiv måte.

– Det er strenge reglar på å ta folk inn i anlegget, men med desse gangane kan me visa alle stadium av produksjonen gjennom store glas, fortel Økland.

Hjelmar og vestar må på når ein vitjar eit anleggsområde. Foto: Ingrid Hovstad

Ferdig i august

- Annonse -

– Utruleg spennande å få koma på besøk å sjå. Det var veldig lærerikt, sa representant Sigurd Andre Maraas.

– Me ynskjer å vera grøne, og me har planlagt for det. Det vert fort dyrt om ein tenkjer på det i ettertid, sa Nøttveit, medan han synte fram taket der ein i framtida skal montera solcellepanel.

– Me er stolt, og syntest me har fått eit flott anlegg, avslutta Økland.

Anlegget skal etter planen stå ferdig i august.