Fitjar kommune melder på sine nettsider at det vert asfaltering i Fitjar sentrum i neste veke(32).

Asfalteringa vil gå føre seg i to fasar. Fase 1 vert frå kl.10 måndag 5.august til kl 18. tysdag 6.august.

– FV 75 er stengd mellom Fitjarsjøen 12 (Stord Videokiosk) til Galleri Flora. Kai/parkeringsplass er ikkje tilgjengeleg. Omkøyring om Rydland, skriv Fitjar kommune.

Fase 2 startar tysdag kveld og vil vare til fredag 9.august kl.17.

– FV 75 gjennom sentrum er opna. FV 545 er stengd mellom Fitjarsjøen 17 og bedehuset. Omkøyring om Vestbøstad/Rydland.

For tyngre køyretøy (over 7,5 t) vert det lysregulert omkøyring om Sjøssbrekko. Bussruter går som normalt.