Sinus AS har utført ei ny støymåling vedrørande Midtfjellet Vindpark AS. Den nye målinga syner at støyen i Fitjar er godt innanfor både dei nasjonale krava, og krava i Fitjar. Fitjar sine krav er noko strengare enn dei nasjonale.

Det er dagleg leiar Eril Mortensen i Midtfjellet Vindpark AS som seier dette til fitjarposten.no, og fortset:

-Når dette har teke litt tid, er det fordi vi gav Sinus tid til å vente på dei mest gunstige måleforholda. Dette for å kunne koma fram til mest mogeleg rettmessig resultat.

Eit resultat som no ligg føre, og som som altså  syner at alle stader i Fitjar der ein har målt støyen, er denne godt innanfor krava som myndigheitene har sett..

Målinga er gjort etter at alle turbinane i vindparken er komne i drift.