Venninnene Malene og Sarah har seldt armband til inntekt for Redd Barna.

Laurdag 7. mars sat venninnene Malene Ahrens Halleråker og Sarah Rimmereid i gangen i Larsen-bygget og selde gummistrikk-armband til inntekt for Redd Barna. Dei fekk inn heile 1 265,- og takkar Odd Sverre Larsen for at dei fekk sitja tørt og godt under tak i Larsen-bygget.