Geir Tore Søreide i fotballgruppa fortel at det er gratis inngang på A-kampane resten av sesongen, og ber folk komma og støtta opp om det unge A-laget til Fitjar IL.

Etter nedrykket frå 3. divisjon i 2007 har det gått jamt på ned med A-lagsfotballen i Fitjar. I dag slit laget i botnen av 5. divisjon, men har ikkje lyst å rykkja endå lenger ned. Dei siste sesongane har laget vore inne i eit generasjonsskifte, og det ser ut til å ta tid før dei kjem opp av bølgjedalen.

I siste heimekampen stilte Fitjar med nesten berre 17-åringar på laget. Berre ein 40-åring trekte snittet litt opp, og ikkje ein mann mellom 20 og 40 var på banen frå start! Det manglar ikkje på talent hos ungdommane, men det tar litt tid før laget får «sett seg», spesielt sidan dei ikkje har så mange erfarne spelarar å støtta seg til.

Geir Tore Søreide i fotballgruppa ønskjer at så mange som råd møter opp og støttar laget, og derfor vil alle sleppa gratis inn resten av sesongen. Han minner òg om at det er kaffi og vaflar av beste merke i kiosken.

Neste heimekamp er søndag 30. august kl. 18.00 mot Nest Sotra 2.

Sjå link til tabell og kampoversikt:
http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=table&ftid=37772