Ein særs flott kornettduett av Ingvild Prestbø og Anne Lunde vart det musikalske høgdepunktet for oss under årets julekonsert i Fitjar kyrkje. 

Dei to unge kornettistane framførte «Den Heilage Stad» av Stephan Adams så vakkert og med så mjuke og runde tonar at me framleis «smattar» på desse godbitane. At dei unge er i støtet beviste òg Judith Hageberg som endå ein gong leverte nydeleg fløytespel, både i samspel med Osternes Mannskor  i «Panis Angelicus» og i samspel med organist Harald Skumsnes på «Mitt hjerte alltid vanker».

Fitjar skulekorps har dette året teke eit stort utviklingssteg. I kveld likte med dei best i «Cantique De Noel» (O helga natt).

I tillegg til Judith Hageberg vart Osternes Mannskor òg dette året assistert av skolekorpset som kora på «Pnis Angelicus. Stilig i år som i fjor. Hos mannskoret si framføring likte me elles best «Julesong» av Lars K. Vik denne gongen.

«Kim alle klokker» i John Brakstad sitt arrangement sit best igjen hos oss etter Fitjar Musikklag si framføring. Eit svært artig arrangement der dei ymse instrumentgruppene fekk synt seg fram.

Johannes Olsen heldt appellen for kvelden og minna oss på ein god måte om at me ikkje må gløyma hovudspersonen i julefeiringa, men søkje Han først – og om at «morgondagen kan bekymra seg for seg sjølv».

Sokneprest Olav Oma leia det heile på ein god måte og avslutta det heile med Herrens velsigning.