Energi, miljø og klima er viktig. Det var dette som var kveldens tema i Kultursalen. Noreg bør vera i framste rekkje på forsking som kan bremse den globale oppvarminga.

Temperaturen aukar på jorda. Det uroar forskarane, men enno er det ikkje dramatisk. Vert det satsa på forsking og reduksjon av klimagassane kan me stoppa utviklinga. Derfor er det positivt at dei fleste partia på Stortinget har funne fram til eit forlik i miljøpolitikken.

Det er dei rike landa som forureinar mest i dag, men industriutviklinga går fort i mange land. T.d. Kina, der dei tek i bruk nytt kolkraftverk kvar fjerde veke.

Omlag 40 personar hadde møtt fram og kom med spørsmål og synspunkt om kva som kunne gjerast lokalt og på landsplan. Kan me til dømes kjøpe klimakvoter privat eller vil kollektivtilbodet bli betre her? Til det siste meinte Akselsen at persontransport nok er mest aktuelt  med bil i Fitjar, men ein kan kjøpa dei bilane som forureinar minst.

Har du synspunkt om temaet som du ynskjer å dela med Fitjarposten.no sine lesarar. Ta i bruk kommentarfeltet.