Kristeleg Folkeparti feirar 75- årsjubileum og var samla til fest torsdag kveld.

Torsdag kveld feira KrF 75 årsjubileum på Fitjar Bedehus. Representantar frå heile Sunnhordland var til stades. Også Stortinget var representert med Åse Gunnhild Voie Duesund, Line Henriette Holten Hjemdal og Ingebrigt S. Sørfonn, som er på tinget no. Tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik var og til stades.

Dei tre representantane heldt engasjerande innlegg om KrF sitt opphav og historie,  partiet sitt arbeid for menneskeverd frå unnfanging til død, og arbeidet for miljø på kort og lang sikt. Tidlegare på dagen hadde dei tre vore rundt i Fitjar. I kommunen hadde ein samtala om helse og sosialspørsmål. Fitjar Kraftlag og Vindmølleparken var besøkt og på Vik/Sandvik hadde ein orientert om arbeidet med den nye brenselcelleteknologien.

Tilslutt var dei tre ein rundtur i Fitjarøyane.

På festen vart den nye boka, om KrF si historie i 75 år ”Trua og kraften”, lansert. Det var fylkessekretær Wilhelm Sandal som omtala boka.
Den flotte musikalske framføringa på festen var det Ole Christian Ottestad, Terje Træet, Geir Vik og Harald Rydland som stod for.