Etter fire av fem sigrar i haust blei det eit klart tap borte mot Søre Neset måndag kveld. Fitjar opnar best og tar leiinga når Thomas Vestbøstad Waage headar ballen i mål. Få minutt etter utliknar Søre Neset etter litt klabb og babb inne i Fitjar sin femmeter. Resten av 1. omgang skjer det mykje framfor dei to måla, men ingen av laga klarer og omsetja sjansane i teljande resultat.

Etter at Søre Neset vart redusert til ti mann i første omgang, er det bortelaget som kjem best i gang også i andre omgang, men verken Atle Hætta eller Thomas V. Eaage har marginane på si side. Når så Søre Neset kontrar inn både 2-1 og 3-1, går litt av lufta ut av Fitjar-gutane, og Søre Neset set inn ytterlegare tre ballar før Ronald Skår reduserer til 2-6 på slutten.

Alt i alt ein merkeleg fotballkamp, der Fitjar-gutane både i sjansestatistikken og banespelet ikkje står mykje tilbake for mostandaren. Søre-Neset viste seg likevel som eit veldig godt 5.-divisjonslag og var best der fotballkampane blir avgjort, framfor begge måla. Roger Almås var beste Fitjar-spelar i denne kampen.

Neste kamp for Fitjar er førstkommande laurdag heime på graset mot Vadmyra IL.

steroide muskelaufbau