A-laget til Fitjar måtte tola stortap 0-6 mot Gneist i finalen i vinterserien i Bergen onsdag kveld.

Fitjar-trenar Kjell Træet mangla eit par av dei viktigaste angrepsvåpena sine då han reiste til Fana og finale i vinterserien i Bergen i går kveld. Både høgreback Leif André Tangen og toppscorar Thomas Vestbøstad Waage måtte bli heime, men dette var nok ikkje heile forklaringa på det nedslåande finaleresultatet.

Gneist tok tidleg leiinga, og gjekk til pause med 2-0. Etter 25 minutt fekk Fitjar-kapteinen, Øyvind Fykse Lie, raudt kort, etter to gule, og det blei etter kvart tungt for Fitjar-gutane. Siste halvtimen scora Gneist heile fire gonger, slik at sluttstillinga så lite hyggeleg som 0-6 på Liland kunstgress i Fana.

Lagppstillinga til Fitjar (4-2-3-1): Trond Henriksen (90 min.), Emil Fitjar (65 min.), Martin H. Vestbøstad (55 min.), Nils Ingard Tislevoll (70 min.), Bernt-Ove Maraas (90 min.), Kjell André Thorland (90 min.), Helge Træet (90 min.), Kjell André Thortland (90 min.), Øyvind Fykse Lie (25 min.), Lars Fitjar Waage (75 min.), Jonas Tislevoll (45 min.), Jan Åge Tislevoll (80 min.).
Reservar og speletid: André Helland (45 min. inn for Emil), Frode Malkenes (45 min. inn for Jonas Tislevoll), Andreas Thorland (35 min. inn for Martin Vestbøstad), Kjell Træet (15 min inn for Lars Fitjar Waage.

anabolisant achat