Heile 39-21 måtte handballdamene tola mot serieleiar Fana 2 torsdag kveld.

Fitjar-damene heldt brukbart følgje halvvegs i første omgang, då det stod 5-4 til bortelaget. Men derfrå og inn blei det mykje Fana, etter at keeper Marthe Rostrup stengte buret.

Til pause stod det 20-10 til Fana 2, og i andre omgang gjekk det ikkje mykje betre. Gjestene scora jamt og trutt, medan bortekeeperen tok det meste som kom gjennom eit solid forsvar.

21-39 på resultattavla var ikkje noko vakkert syn, men det tyder ikkje at Fitjar-damene spela ein dårleg kamp. Gjestene mønstra eit svært godt lag, visst nok med fleire jenter som har røynsle frå 2. divisjon. Toppscorar fro Fitjar blei som vanleg Ingvild Kannelønning, med ni mål.

Fitjar sitt lag (mål i parentes): Kristine Korsvik (k), Solveig Fitjar (k), Ingvild Rimmereid (2), Lillian Gjuvsland (1), Maria Larsen (4), Amalie Korsvik (1), Ingvild Kannelønning (9), Julie Jensen (2), Marit Thorland (1), Randi Thorland (1), Miriam Almås.