Eit skadeskote Fitjar blei skamskote på Ågotnes i går kveld, då dei møtte Nordre Fjell, som ikkje gav seg før dei hadde banka våre beste menn med 7-1.

 

Dermed fekk ikkje A-laget noka god innleiing på pinsehelga. Dei var eigentleg sjanselause mot Nordre Fjell, eit lag som ikkje hadde vunne i årets 4. divisjon før møtet med Fitjar.

Trenar Kjell Træet fortel om ein tung kamp på kunstgraset på Ågotnes. Den unge keeperen Aleksander Henriksen spela ein god kamp, seier Kjell. Han hadde mange gode redningar og hadde æra for at ikkje Fitjar blei heilt overkøyrde i første omgang.

Nordre Fjell scora to mål i byrjinga av kampen, men mot slutten av første omgang jamna det seg litt ut. Vel fem minutt før pause reduserte Fitjar ved Mats Westvik, som dermed fekk gleda av å scora sitt første seriemål for A-laget.

Men andre omgang blei ikkje noko gledeleg syn for trenar Kjell Træet. Han fekk sjå gutane sleppa inn fem mål til, slik at sluttstillinga blei heile 7-1 til Nordre Fjell.

I løpet av andre omgang kom heile tre debutantar inn på laget for Fitjar. Thomas Koløen spela heila omgangen på høgrebacken, og på slutten av kampen kom Rolf Solli og 15-årige Arild Fitjar Waage inn lenger framme på banen. Alle fekk ein tøff start på A-lagskarrieren, men vil vonleg klara seg bra med litt meir kjøt på beina.

No håpar trenaren at han snart får med igjen Øyvind Fykse Lie, Emil Fitjar og Helge Træet, og kanskje Thomas V. Waage. Men han åtvarar mot å tru at poenga vil koma automatisk når desse støttespelarane er tilbake på banen. Det blir ei utfordring å halda seg i divisjonen, meiner han.

– No tar me ein kamp om gongen, seier han til slutt.

Laget mot Nordre Fjell: Aleksander Henriksen, Leif André Tangen (Thomas Koløen 46.), Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik (Trond Henriksen 72.), André Mini Helland, Kjell André Thorland,  Roger Almås, Badi Hurasi (Rolf Solli 87.), Mats Westvik (Arild F. Waage 80.),
Sebastian T. Thomassen, Jonas Tislevoll.

Mål: 1-0 (8.), 2-0 (11.), 2-1 (Mats Westvik 39.), 3-1 (55.), 4-1 (60.), 5-1 (65.), 6-1 (69.), 7-1 (77.).

Dommar: Dennis Stokseth, Åsane Fotball

types of anabolic steroids