Fitjar vidaregåande skule har i alle år hatt tett samarbeid med aktørar/institusjonar i utlandet. I neste veke får dei storstilt besøk. Illustrasjonsbilete: Frå eit anna spennande arrangement ved Fitjar vgs. Foto:FP/HCH
Tittelen på prosjektet er: «Life is a project, be an entrepreneur, make it successful!», skriv ass. rektor Dan Torbjørnsen i ei pressemelding, og informerer detaljert om faktainnhaldet i det som skal skje:
Dette er eit prosjekt som går over to år, der tema er ungt entreprenørskap, det å starte ei ungdomsbedrift.
- · Ungt entreprenørskap er og eit nasjonalt satsingsområde for å få opp gründervikrsomhet i Norge.
- · Prosjektet består av skuler frå 7 ulike land, der Fitjar vgs er skulen frå Norge som deltek. Deltakarlanda er Polen, Ungarn, Bulgaria, Romania, Tyrkia og Estland.
- · Dei ulke klassane/landa deltek på ulike fagområde, me jobbar med ungdomsbedrift knytt til restaurant & matfag, men i prosjektet kan det nevnast at det óg er ein skule som jobbar med skomakarfaget, berre for å visa breidden.
- · Felles for prosjektet er at ein gjennom interaksjon digitalt mellom samlingar og gjennom arbeid på samlingar skal dele erfaringar med oppstart og drift av ungdomsbedrifter, uavhengig av bransje.
- · Prosjektet skal mellom anna enda ut med eit felles reklamebyrå/ marknadsføring. Dette vil og være eit av temaa som me skal jobbe med neste veke på Fitjar.
- · Det kjem 54 besøkande frå 6 andre land søndagskveld, høgtideleg opning måndag klokka 09.00 på skulen der mellom anna ordføraren i Fitjar vil ønska velkomen.
- · Gjennom veka skal elevane og lærarane jobbe med ulike tema knytt til å starte ein ungdomsbedrift, dei skal bli kjend med vår region og våre «markeder», mellom anna gjennom besøk på Wärtslia og Engesund fiskeoppdrett. Onsdag arrangeres det fylkesmesse for årets ungdomsbedrifter i Bergen, der vil óg alle reise for å få inspirasjon til sine eigne bedrifter.
- · Fredag blir det ein stor gründercamp i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg som blir avslutninga av besøket hos oss. Her vil «Ungt entreprenørskap Hordaland» delta i tillegg til Zpirit reklamebyrå. Det vil bli ein presentasjon og premiering av gründercampen mellom 1130 og 1230.
- · –Så kjem ein sjølvsagt ikkje unna at det blir ulike sosiale arrangement på og rundt skulen på ettermiddag/kveldstid. Eg kan nemne internasjonal mat frå alle deltakerlanda torsdag som eit av høgdepunkta på det sosiale, skriv Torbjørnsen, til slutt.