Det er stort engasjement rundt ambassadørprisen 2014. Det likar me.

 Allereie no har me fått inn fleire stemmer enn ifjor, og fristen for å stemme går først ut 20. januar. Det er tydeleg at det er stort engasjement og positiv aksjonering for å fremje eigen kandidat. Flott! Det er slik me vil ha det. 

Du kan stemme på sms til 481 51 491, på e-post til hakon@fitjarposten.no eller per post til Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 Fitjar. 

Reglane er at du berre kan levere ei stemme pr mobilnummer, og berre ei stemme pr internettadresse. 

Nokon har funne ut at same person då kan sende tre stemmer: ein frå mobilen, ei frå e-posten sin og ein frå jobbtelefonen. Sidan dette ikkje bryt med reglane, aksepterer me det.

Kven av kandidatane som leiar avstemminga, går me ikkje ut med no, men alle har fått stemmer – og gode kandidatar er dei alle.

Kandidatane er i alfabetisk rekkjefølgje:  

Ingve Andre Strand,
Mariann Vestbøstad Marthinsen,
Ole Bergesen
Osternes Mannskor.

Ambassadørprisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest og Fitjarposten.