Som fitjarposten.no tidlegare har skrive, vert Sunnhordlandstreffen i skyting arrangert denne helga. I morgon var det stort banestemne med over 200 påmelde skyttarar på den nye skytebanen ved Årskog.

Problema med det tekniske på 200 m er løyst, og Fitjar Skyttarlag innvier no den nye banen med den svært publikumsvennlege resultatvisinga.

– Alle fitjarbuar som vil sjå og oppleva korleis ein moderne skytebane fungerer, er velkomne til å sjå på i morgon. Me er eit lite lag som håpar å rekruttere nye medlemer, både unge og gamle, seier Kjell Kristian Midtsæter til fitjarposten.no. 

– Til hausten skal me starte eigen skyteskule og håper då på god respons, legg han til.