Offisiell opning ved Fylkesordføraren og folkefest for heile bygda er nokre av ingrediensane på Midtfjellet sin opningsfest på tysdag.

Den offisielle opninga vil skje på Midtfjellet tysdag føremiddag kl. 11.00 ved fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. Fitjar skulekorps vil i samanheng med dette spela ein spesialkomponert fanfare, laga av dirigenten Svein Roger Koppang, for dei rundt 150 inviterte gjestene.

Dei som er inviterte til denne formelle seremonien, og lunsjen i FKIB etterpå, er: naboordførarar, alle tilsette i Fitjar Kraftlag, samarbeidspartnarar, leverandørar og eigarar – i tillegg til pressa.

Under lunsjen vert det servert mat frå Fitjar, så som sylta og varmrøykt laks frå Engesund, langsteikt angus frå Prestbø, dillstua fitjarpoteter, laukkompott med ramslauk frå Sandvikvåg, lett haustsalat med rivne rotgrønsaker frå Skålevik og trissé med bringebær frå Prestbø. Litt underhaldning vert det òg i denne seansen, mellom anna song ved Runar Thór Gudmundsson. Det heile vert leia av Ole Bergesen.

Kl. 18.30 opnar så dørene for gratis folkefest med Ausekarane i Idrettshallen. Sjølve konserten startar kl. 19.00.

– Her vankar det gratis kake og kaffi til alle, lovar Johannes Koløen i Midtfjellet Vindkraft AS.