Engesund Fiskeoppdrett sitt visningssenter, som er Noregs sørlegaste visningssenter for laks, vart i går offisielt opna av fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Den offisielle opninga fann stad på den spesialbygde visningsflåten, rett nord for Engesund. Fiskeridirektør Liv Holmefjord kunne fortelja at det er eit nålauge å få Visningskonsesjon.

– Me set strenge krav til tilgjengelegheit og formidlingskompetanse, men Engesund Fiskeoppdrett kom igjennom dette nålauget på ein god måte. Det ser i det heile veldig bra ut, sa ho smilande. Ho understrekte òg at når næringa i dag kan syne til ein årsproduksjon på 1,1 millionar tonn fisk, skuldast det kombinasjonen av lokale gründerar med pågangsmot parallelt med intensiv forsking på dette området.

Ordførar Wenche Tislevoll peika på at dette er stort, også for Fitjar kommune. – Me kallar oss «Det nære øyriket», og dette er noko me treng i Fitjar, ja, ikkje berre i Fitjar. Dette vil vere eit tilbod til både Sunnhordland og Hordaland.

Elles var det mange gode og oppmuntrande helsingar frå folk i oppdrettsnæringa.

I tillegg til snorklippinga fekk dei mellom 50 og 100 tilstadeverande sjå lakseoppdrett på nært hald, og meisterkokk Michael Reddington stod for nydeleg lunsjservering med mat laga av råvarer frå merden to meter unna. Stort meir kortreist blir det ikkje. Vidare fekk ein fekk innblikk i korleis ein legg opp visninga/undervisning i senteret.

Skular og Barnehagar
For Visningssenteret i Engesund gjer at folk flest kan få innsyn i korleis oppdrett av laks går føre seg. Skular og barnehagar vil få tilbod om tilpassa undervisningsopplegg for ulike aldersgrupper, og turistar som besøkjer området får høve til å få sjå ei av næringane som folk livnærer seg av langs kysten. Rimbareid skule har allereie nytta seg av tilbodet. Dagleg leiar Lisa Instefjord ønskjer òg vanlege folk, firma og lag velkommen til senteret. – Det går til dømes an å ta turen og ete middag hos oss, smiler ho.

Turistpotensial
Visningssenteret satsar også på turistar, og litt av potensialet uttrykte Odd Jordheim frå Norsk Sjømatsenter. Han uttrykte at han var imponert av kva dei hadde fått til i Engesund. Sjømannssenteret har eit flott kunnskaps- og opplevingssenter på Fisketorget i Bergen, og Kråkås fortalde at han ville kople Engesund opp mot senteret i Bergen. – Det kjem to millionar turistar til Bergen kvart år. Me vil fortelje dei av turistane som kjem innom oss om dykk og syne dei filmen dykkar, og eg har god tru på at mange av dei vil ta turen til Engesund, sa han.

Les meir om Visningssenteret her.