Me nærmar oss Fitjar sitt 150 års-jubileum. Det heile startar med ein stor juletrefest for heile bygda.

Festen finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 3. januar kl. 15.00, og alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne.

Av programmet kan me nemna at det vert offisiell opning av 150-års-jubileet med presentasjon av jubileumsprogrammet 2010. Vidare vert det revyunderhaldning, musikkinnslag og juletregong.

Barn i barneskulealder vil òg få besøk av nissen.