Laurdag er det duka for spennande og storstilt haustmarknad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg – for heile familien.

Etter suksessen med den storstilte haustmarknaden med fokus på mat i Fitjar sentrum i fjor følgjer me no opp med ny og utvida marknad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg laurdag 19. oktober frå kl. 10.00 til 14.00.

Her er litt av det du vil møte på marknaden:

* LOKALMAT
Både Fitjar vgs, Slow Food Sunnhordland og Engesund Fiskeoppdrett er med. I tillegg vert det bakverk frå ymse lokale og varer frå «bondens marked». 

Slow food Sunnhordland inviterer til kakebakekonkurranse for alle uansett alder. Kriteria er at ein av ingrediensane er eple. Kakene må leverast inn seinast kl. 1300 på laurdagenFine premiar til vinnarane.

* HANDVERK
På marknaden vil du møte lokale utstillarar innan fleire typar handverk

* GUNNAR NAGELL DAHL OG OLA ANDERSEN
lagar mat av lokale råvarer. Gunnar er matattaché i Bergen. Ola er kokken som tidlegare dreiv «Fengselet» på Stord. Han er med i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

* FOR HEILE FAMILIEN
Fleire av aktørane legg opp til gøye ting for barna, så det er ingen grunn til å halde dei heime. Mellom anna blir det fleire aktivitetar der barna får delta og lære. Det blir til dømes mogelegheiter for barn til å ta «traktorlappen» på tråtraktorar i regi av Fitjar Meieri, og  traktorane vert  lodda ut på slutten av marknaden. Fitjar husflidlag har også aktiviteter for barn.

Fitjar vgs har rydda på loftet. Dermed blir det sal av flotte lopper/skattar frå Fitjar vgs sitt skattekammer av gamle hushaldningsartiklar, oppskrifter etc. OBS. Fitjar vgs har ikkje stand i Kulturhuset. Loppemarknaden vert i skulen sine lokale!

– Dette blir ein dag der me set lys på gamle og nye lokale mattradisjonar og lagar god gammaldags marknadsstemning i Kulturhuset, seier primus motor Martin Nysæther.