For nokre tiår sidan var det eit storstilt ungdomsopplegg rundt det Ope Hus og Fitjar Ungdomskor. Opptil 200 ungdommar kunne vere til stades på samlingane. Ein ny generasjon vil no blåse liv i gamle glør. Og kyrkja og bedehuset står saman om konseptet.

Det tyder sjølvsagt ikkje at det vert heilt likt det som var. Men noko av grunnideen vert teke opp igjen. Det vil seie at ein startar opp igjen Fitjar Ungdomskor og puttar det, KRIK og Tentreff inn i eit felles konsept for ungdom om fredagskveldane. Noko namn har storsamlinga enno ikkje fått. Kanskje vert det «Storfredag», «Endeleg fredag» – eller noko heilt anna.

Opplegg kl. 19-23
Det heile startar i alle fall fredag 12. september, og kvar fredag framover, bortsett frå når skulen har fri. Klokka 19 er det KRIK i gymsalen på Rimbareid skule og koret på Fitjar bedehus startar same klokkeslett. Dei held begge på til bortimot kl. 21.

– Klokka 21 kvar fredag er det duka for det felles tentreffet på bedehuset med kiosk og Ope Hus. Klokka 21.30 vert det ein liten pause med andaktsstund, før Ope Hus fortset til klokka 23, fortel Johannes Olsen, som er ein av leiarane for Tentreffet.

Koret
Koret held og på i nesten to timar. Dirigent vert Bent-Jarle Brenne, som får assistanse av Ingvild Oma. Og bandet er klart. I det finn me: Luca Vucenovic og Johannes Myhre på el. gitar, Nils Birger Vestbøstad på bass, Guro Rimmereid på piano og Andres Vik på slagverk. Solistar vil det nok òg bli, men kven det vert vi ein få sjå etter kvart. Sindre Aarbø vil ha ansvar for lyden samen med eit crew av konfirmantar.

– Både koret og KRIK er nemleg godkjende som ein del av konfirmasjonsundervisninga, opplyser dirigent Brenne.

Bandet med solistar, òg vil leia lovsong.

KRIK
Bortsett ifrå at KRIK no vert flytta frå Kulturhuset til Fitjar bedehus, for å lettare få til det samla konseptet, vert opplegget der stort sett som før. Leiar for opplegget er stadig kyrkjelydsprest Nobu. Det startar med ei enkel samling rundt eit bibelvers, før det energien brakar laus med ballspel og leikar.

-Samlar felles ressursar
Fitjarposten samla ein del av leiarane til ein prat om opplegget, og nokre av dei har me sitert ovanfor. På spørsmål frå Fitjarposten om kvifor ein satsar så stort, let det: – Ved å samla både KRIK, kor og Tentreff under ein paraply, får me frigjort ressursar og kan såleis gje ungdommane eit større og betre tilbod enn tidlegare. No gler me oss berre til å kome i gang!

Ingressbilete: Nokre av leiarane i storkonseptet: F.v., Silje Devik (kor), Steinar Vik (kor), Bent-Jarle Brenne (kor) Anders Sætre (Ten treff/organisering) og Johannes Olsen (Ten treff). Foto: Håkon C. Hartvedt