Spovemor anar fare og tek dei to små med seg bort i litt høgare gras. Foto: Kjetil Rydland.

Norsk Ornitologisk forening har valt storspove til Årets fugl 2019, og det same har Lars Ove Rimmereid, som har gledd seg storleg over denne flotte fuglen i år.

Ved å velja storspove som Årets fugl 2019 vil Norsk Ornitologisk Forening få folk til å registrera arten, og skaffa betre kunnskap til hjelp for å ta vare på arten. Bakgrunnen kan du lesa meir om i denne artikkelen i tidsskriftet Vår Fuglefauna.

Storspoven hekkar i alle fylke i Noreg, og talet på hekkande par har gått ned i dei fleste land. Men det er ikkje inntrykket hos Lars Ove Rimmereid eller andre fuglevener i Fitjar. Fleire spovepar hekkar oppe i Bygdo, og på Rimbareid har det blitt observert fleire par med ungar. Eitt av para har to store ungar, som kanskje er så store at dei allereie er på vengjene.

Dei to spoveungane er ikkje lette å sjå i graset, men heldigvis har Lars Ove Rimmereid vore oppmerksam, og jaga dei vekk etter kvart som han har slege. Foto: Kjetil Rydland.

I pinsehelga har eitt spovepar gått og beita på bakkane på Rimbareid med to små, søte ungar. Dei er så små at dei ikkje er lette å få auga på i graset. Heldigvis har bonden vore flink å følgja med, og gjort sitt beste for unngå at dei skulle blir til mat for fôrhaustaren.

Storspoven er ein trekkfugl som kjem i mars/april. I vinterhalvåret held dei norske storspovane seg i Storbritannia, Irland, Frankrike, Nederland, Belgia og Tyskland. Dei som overfvintrar i Frankrike, lever farleg, for her er det jakt på den rundt eit kilo tunge fuglen. Allereie i juli reiser storspoven sørover igjen, så det gjel å nyta den spesielle lyden før det er for seint!

Fleire fakta om storspoven finn du via denne linken. Den karakteristiske lyden kan du høyra på fuglelyder.net.

Om du vil hjelpa til med å registrera storspove – og andre fuglar – kan du går inn på nettstaden Artsobservasjoner.

Spoveliten trakkar i graset. Foto: Kjetil Rydland.
Storspoven på Rimbareid er ringmerkt. Foto: Kjetil Rydland.
Spove i fullt arbeid. Foto: Kjetil Rydland.

 

- Annonse -