Osternes Mannskor framfører "Venta her i vårt vinterland" i Fitjar kyrkje søndag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Gårsdagens julekonsert i Fitjar kyrkje blei eit nytt prov på at dei beste musikkreftene i bygda arbeider godt, og denne gongen fekk me til og med oppleva ein urpremiere, då Osternes Mannskor framførte den nye julesongen til Elisabeth Moldestad.

Osternes Mannskor viste igjen at det er er trøkk i dei gamle mannsrøystene, og leverte nok rosina i pølsa under gårsdagens konsert, med julesongane til vår eiga Elisabeth Moldestad.

Men først ute var Fitjar Skulekorps, dirigert av Svein Roger Koppang, som hadde teke på seg den lysraude julenissejakka si. Opningsnummeret «Selmas sang» frå snøfall, med Thea Træet som solist, sette stemninga for ein nydeleg konsert. Ole Rørvik gjorde også stor lykke som solist i «The Snowman».

Thea Træet med ei nydeleg tolking av «Selmas sang». Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kammerkor under dirigent Helge Haaland var tilbake i kyrkja etter braksuksessen med Gjertruds Sigøynerorkester for eit par veker sidan. Dei har tydelegvis fått øvd på litt andre ting òg, for både «Gammel Mariavise» og «Christmas has come» sat godt.

Kveldens appell var ved sokneprest Roald Drønen. Han la vekt på at desember er den mest hektiske, men kjekkaste månaden i året.

Fitjar kyrkjekor har teke nye «skritt» dei siste åra. I går fekk me høyra «Englekanon» og «Godt nytt», før folketonen «Et barn er født» frå Lofoten med Lisa Instefjord Gilje som solist. Og til sist velkjende «Det hev ei rosa sprunge».

Osternes Mannskor var som under julekonserten i fjor – og alle andre år – i storform i går kveld. Etter urframføringa av julesongen «Venta her i vårt vinterland» av Elisabeth Moldestad heldt dei fram med endå ein song av den lokale songskalden vår, «Sjå på julestjerna», før me fekk to julesongar av Lars K. Vik, «Julesong» og «Ei lita krybbe», arrangert av Svein Tørnquist.

Felleskoret samansett av dei tre kora stod for eit av dei absolutte høgdepunkta under konserten då dei framførte «Julemotett» av Eivind Alnæs, med Herman Inge Aadland som solist.

- Annonse -

Fitjar Musikklag leverer alltid «varene». Denne gongen var Kitty Træet, Liv Mari Koløen, Svein Olav Raunholm og Ranveig Flatråker Ottestad solistar i «Away in a manger». Og trombonesoloen «Bunch o’bones» med Jacob Mehammer, Kari Konglevoll Prestbø, Ole Christian Ottestad og Eline Fitjar Hjelle var minst like flott. Ole Rørvik imponerte igjen som smørsongar med «Home for Christmas» før Helga Jordan var solist på trombone i «Frosty». Saman med korpset hausta ho velfortent trampeklapp!

Mektig framføring av «Deilig er jorden».

Konserten blei avslutta med «Deilig er jorden», flott akkompagnert av Fitjar Musikklag og Fitjar Skulekorps. Etter ei slik framføring har nok julestemninga begynt å melda seg for dei 300 som møtte opp i kyrkja i går kveld.