Handballdamene til Fitjar feia fem handballdamer frå Kleppestø av banen i gårsdagens heimekamp.

Jentelaget i 15-årsklassen laga ein fin opptakt til gårsdagens damekamp. I oppgjeret mot Kringlebotn 3 fekk publikum sjå ein spanande kamp, der Fitjar-jentene ei lita stund var oppe i ei to måls leiing. Diverre heldt det ikkje heilt inn, og dei måtte sjå seg slegne med 19-26 til slutt. Amalie Korsvik blei toppscorar med heile ni mål. Lagleiar Harald Engevik seier seg svært nøgd; jentene viste klar framgang i spelet.

Damekampen blei diverre eit aldri så lite antiklimaks, sjølv om den enda med storsiger for heimelaget. Resultatet til 33 – 11 vekte ikkje den store jubelen; til det var motstanden for dårleg. Gjestene frå Kleppestø kom til Fitjar med berre fem spelarar, og hadde ingen sjansar mot eit bra heimelag, som stilte fulltalig.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes)

Kristine Korsvik
Solveig Fitjar
Miriam Almås (5)
Randi Thorland (6)
Kristin T. Dahl
Ingvild Rimmereid (6)
Ingvild Kannelønning (3)
Maj R. Engevik (2)
Gunnhild Jonassen
Cathrine Haga (7)
Maria Haga (3)
Maren Odland
June Åkra (1)

Etter dagens kamp ligg damene på 6.-plass på 5.-divisjonstabellen med sine 5 poeng. Og det kan bli fleire poeng når dei møter Gneist 2 til kamp neste søndag kl. 14.00.

Resultat og terminliste kan du lesa her: