Handballdamene til Fitjar IL vann 5.-divisjonskampen søndag ettermiddag med utklassingssifra 47-27.

Motstandarane Lyngbø heldt brukbart følgje til midt i første omgang. Etter vel åtte minutts spel var dei endå til oppe i leiinga 8-7, men etter kvart blei det veldig vanskeleg for dei blide gjestene frå Bergen. Kristine Korsvik i Fitjar-målet begynte å få tak på skota deira, og heimelaget scora jamt og trutt, slik at det stod 26-15 ved pause.

Andre omgang heldt fram i same sporet, og heimelaget utklassa motstandarane sine. Men gjestene skal ha ros for at dei ikkje tapte humøret, sjølv om det etter kvart gjekk opp for dei kva veg det bar. Keeper Hildegunn Dyrkolbotn fortel til Fitjarposten at ho til vanleg er strekspelar. Ho gjorde sitt beste og gjekk gong på gong ut i feltet for å gjera målet mindre. Men det hjelpte så lite, sjølv om heimelaget sine spelarar ikkje nytta høvet til å lobba over henne.

Best på gjestene sitt lag var hardtskytande Marianne Holmen med 13 mål. På eit jamt godt heimelag må me trekkja fram Cathrine Haga, som scora heile 19 mål!

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristine Korsvik (kkeper)
Miriam Almås (5)
Maria Larsen (1)
Maren Odland (1)
Marita Westerlund (10)
Martha Pedersen (3)
Ingvild Rimmereid (3)
Maj R. Engevik
Kristin T. Dahl (2)
Cathrine Haga (19)
Ingvild Kannelønning (3)

Dommararane Johannes Sæhle og Håkon Tverborgvik hadde som vanleg god kontroll på kampen.