Gutane til Fitjar IL i G16 nytta det fine spelevêret fredag ettermiddag til å vinna 8-2 over Stord 3.

Gutane viste både speleglede og god fotballforståing då dei valsa over trearalget til Stord på den finaste grasbanen i mils omkrins. Ei talrik forsamling tilskodarar fekk oppleva ei triveleg stund med mykje fint pasningsspel og heile åtte flotte mål.

Angriparane Mats Westvik og Alejandro Rojo scora tre mål kvar, medan Eirik Hovland scora det første målet for Fitjar, og Rolf Solli det siste. Alt i alt ein velfortent siger for innsatsvillige gutar som prøver å spela skikkeleg fotball, og ofte får det til!

Etter dagens siger klatrar gutane opp på ein hyggeleg fjerdeplass på tabellen i 3. divisjon G16 avd. 09 Hordaland.

Fitjar sitt lag mot Stord 3:
Ruben Træet, Eirik Hovland, Sigve Hjelmen, Thomas Koløen, Martin Pedersen, Rolf Solli, Johannes Myhre, Luka Vucenovic, Andreas Vik, Alejandro Rojo, Mats Westvik, Jan Erik Rasmussen, Børge Koløen, Tor Arne Spissøy, Nikolai Tufteland, Arild Waage.

Mål:
1-0 Erik Hovland, 2-0 Alejandro Rojo,  3-0 Mats Westvik, 4-0 Alejandro Rojo, 5-0 Mats Westvik, 5-1, 6-1 Mats Westvik, 6-2, 7-2 Alejandro Rojo, 8-2 Rolf Solli.

aas steroids