Fitjar fortset framgangen, og er no i ferd med å etablera seg i toppen av tabellen etter 5-1 mot Vadmyra 2 i Fitjar Idrettspark, fredag kveld.

-Gode bevegelsar og fin rytme skapte mange målsjansar. I dag var alle gode, er godorda til spelarane frå trenar Dicki Stensohn.

Kjell Træet vart kåra til banens beste. Han dundra mellom anna inn ein skåring rett i vinkelen med venstreslegga, og hadde òg ein nydeleg heading som resulterte i endå eit mål. Dei andre Fitjarmåla vart laga av Kjell Magne Halleraker, Gjert Ståle Olsen og Ronald Skår.