I dagens seriekamp mot Søfteland viste Fitjar-damene seg igjen som eit topplag, og gav seg ikkje før dei hadde banka Søfteland med 9-1.

Fitjar-damene reiste til Søfteland i dag for å spela sin siste bortekamp før ferien. I frå første spark på ballen viste Fitjar at dei var eit hakk for gode for Søfteland. Måla kom som perler på ei snor, fleire av måla kom etter godt kombinasjonsspel og gode langskudd. Med kontant og godt forsvarsspel, aggressivt midtbanespel og løpsvillige angrepsspelarar var det berre spørsmål om kor stor seieren skulle bli.

Dagens høgdepunkt var då Britt Lise Volden frå midt på eigen banehalvdel dunka eit frispark direkte i mål. Men heile laget skal ha ros for god arbeidsinnsats i kampen som var klart årsbeste for Fitjar-damene.

Einaste skår i gleda var då Anne Helene S. Vestbøstad blei liggande etter ein hard duell og måtta hinka av banen. Forhåpentligvis er Anne Helene snart tilbake på banen.