Fitjar sitt damelag slo i går Frøya 10-2 i sin første seriekamp for sesongen, etter at stillinga var 4-1 ved pause.

 Stein Gunnar Halleraker har tatt over trenaransvaret for damelaget og det har vore mange damer på trening gjennom vinteren.

Det var ein spent gjeng som reiste til Bergen for å møta Frøya i sesongopninga.  Kampen starta litt nervøst med sjanser til begge lag, men det var Fitjar som tok leiinga 1-0 ved Elin Kvia.  Kort tid etter utlikna Frøya, men då vakna Fitjardamene og tok skikkelig tak i kampen.  Ved pause leda Fitjardamene 4-1.

I andre omgang fortsatte damene det gode spelet og spelte seg fram til mange store målsjansar og mål.  I tillegg varta keeper Margaret Hillestad opp med mange flotte redningar.   Då dommaren bles av kampen, hadde Fitjar scora 10 mål, medan Frøya berre hadde scora 2. 

Ein flott kamp av Fitjar sitt damelag og det blir spennande å følgja laget gjennom seseongen.  Neste kamp er heime mot Njardar/Tysnes søndag 25.mai kl.16.00. 

På laget spelte: Margaret Hillestad, Britt Lise O.Volden, Gunn Evy Henriksen, Stina Gloppen (3 mål), Elin Kvia (2 mål), Gro Hatlevik (2 mål), Anne Helene S.Vestbøstad (2 mål), Anne Kristin Skår (1 mål), Kari Steinsland Vik og Birte Steinsland.