A-laget hadde ingen problem med Halsnøy i laurdagens treningskamp på kunstgraset; heile 1-8 måtte halsnøybuane dra med seg heim att.

Med berre ei veke til seriestart tok Fitjar imot Halsnøy til treningskamp på kunstgraset laurdag. Det blei etter kvart mange mål, og fleire av dei av den flotte sorten. I periodane Fitjar fekk tempo både på ballen og beina, var det klasseforskjell på laga.

– Alt i alt ein positiv kamp, sjølv om motstanden ikkje var all verden i dag, seier trenar Stein Gunnar Halleråker til fitjarposten.no.

Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Bernt Ove Marås, Nils Ingard Tislevoll, Ronald Skår, Leif André Tangen, Kjell André Thorland, Kjell Træet, Leif Tore Aarland, Henrik R. Kjelling, Thomas V. Waage og Øystein F. Waage.

Innbytarar:
Vidar Vestbøstad, Brynjar Engelsen, Lars F. Waage, Andreas Thorland, Geir Steffen Tranøy.

Målscorarar for Fitjar:
Øystein Fitjar Waage 3
Brynjar Tufteland Engelsen 2              
Thomas Vestbøstad Waage
Henrik Raunholm Kjelling
Kjell André Thorland.