A-laget til Fitjar vann heile 4-0 mot Halsnøy i regnvêret laurdag ettermiddag, og heng med i toppen av 5. divisjon.

Den viktige seriekampen mot Halsnøy enda med siger 4-0, men Fitjar-gutane måtte slita lenge før dei fekk mål. Etter første omgang stod det 0-0, etter at Fitjar hadde hatt dei fleste og beste sjansane. Trenar Kjell Træet fortel at gutane hans hadde tre-fire sjansar som burde gitt scoring. – Men Jan Åge Tislevoll og Thomas V. Waage bomma begge på fleire «feridigscora» mål, fortel trenaren.

I andre omgang heldt kampen fram med eit visst overtak for Fitjar, sjølv om Halsnøy var skumle på dødballar. Med karar som Sindre Fjelberg, Arnljot Hvidevoll og Erik Steinsbø på banen er ikkje Halsnøy å spøka med, seier Kjell Træet. Men det var heilt fortent at Fitjar kunne gå opp til 1-0 etter 62 minutts spel. Etter denne scoringa fekk me den dårlegaste perioden i kampen for heimelaget sin del. Trenaren fortel om dårleg balanse i heimelaget. Dei miste ballen i ugunstige posisjonar, og blei liggjande med altfor mange mann høgt oppe i banen. Det gav Halsnøy fleire store sjansar, blant anna hadde dei ein ball i tverrliggjaren.

Men etter at Øyvind Fykse Lie la på til 2-0 på frispark i det 84. minuttet, gjekk det rette vegen for Fitjar. Storscorar Thomas V. Waage la på til 3-0 og 4-0 i sluttminutta, slik at heimelaget kunne gå i garderoben med ein komfortabel 4-0-siger. Siffera var nok meir komfortable enn kampen, etter det me forstår på Fitjar-trenaren. – Det var godt forsvarsspel som la grunnen for sigeren i dag, seier Kjell Træet, som spesielt vil trekkja fram to mann i dagens kamp: – Midtstopparane Martin Vestbøstad og Emil Fitjar gjorde ikkje ein einaste feil i denne kampen. Martin blei utropt til dagens Fitjar-spelar, men trenaren er like imponert over gutespelaren Emil Fitjar. – Det var jo ikkje akkurat smågutespelarar Emil møtte i dag!

Elles er Kjell Træet imponert over moralen i laget, og rosar alle spelarane for god innsats. Eit ekstra pluss går òg til keeper Oddgeir Træet og Leif André Tangen. Høgrebacken er eit av dei viktigaste angrepsvåpena til Fitjar, og imponerte både sin eigen trenar og tilreisande motstandarar med det offensive backspelet sitt.

Med dagens siger heng Fitjar med i opprykkskampen, men er avhengige av at Bremnes og Os 2 avgir poeng i ein av dei siste kampane sine. – Me må vinna begge dei siste kampane våre om me skal ha håp om opprykk, men no legg me press på dei andre opprykkskandidatane, seier ein fornøgd Fitjar-trenar til slutt.