Lillian Gjuvsland og dei andre handballdamene frå Fitjar hadde ingen problem med andrelaget til NHHI, og vann dagens heimekamp så klart som 26-16.

Fitjar-damene heldt fram den oppadgåande trenden då studentane frå Handelshøgskolen kom på besøk til Fitjar i dag. Heimelaget tok straks leiinga, og fekk ganske snart ei leiing på 6-7 mål. Den gav dei ikkje frå seg, og vann heile 26-16 etter 15-7 ved pause.

Charlotte Solberg tok snart styringa for Fitjar, og stod for mange fine innspel til strek. I tillegg scora ho seks mål sjølv, og blei dagens toppscorar for Fitjar.

Det var ingen stor motstandar Fitjar møtte denne gongen. Dei kom svært lett gjennom, og gjestene kan berre takka ein god keeper for at det ikkje enda med katastrofesiffer.

Fitjar-damene skal ha ros for at dei ikkje let seg falla ned på nivået til gjestene trass i at dei fekk ei klar leiing tidleg i kampen. Trenar Trond Arnevik var ganske godt fornøgd med dagens kamp, og ikkje minst med at heile laget var med og bidrog til sigeren.

Etter mykje bra spel i det siste har Fitjar-damene sjansen til å klora seg opp på tredjeplassen i 5. divisjon. Men då må dei vinna neste kamp, laurdag 14. mars, mot Kjøkkelvik 3. Vonleg kjem det like mykje som i dag, og heiar damene fram til siger.

Fitjar sitt lag mot Gneist 2 (mål i parentes): Lisa Folkedal (k), Ida S. Fitjar (k), Charlotte A. Levåg (6), Miriam Almås (3), Randi Thorland, Lillian Gjuvsland (5), Marita Nysæther (4), Julie S. Jensen (1), Martine Hareide (2), Helene Rimmereid, Ingvild Rimmereid (5).


Lisa Folkedal stod ein god kamp i mål, sjølv om ho må sjå dette straffekaste gå i mål. Foto: Kjetil Rydland.


Gjensynet med dommar Johannes Sehle blei litt ampert då han viste ut Charlotte Solberg for ei rein takling. Foto: Kjetil Rydland.

 


Som vanleg markerte Ingvild Rimmereid seg med fleire fine scoringar. Foto: Kjetil Rydland.