Emilie Aaserud Hystad scorar på straffe for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Handballdamene til Fitjar IL stilte skarpskodde til kamp, og sopte Bergen studentidrettslag av banen med 25-17 heime i Fitjar kultur- og idrettsbygg i dag.

Det har ikkje vore nokon stor sesong for damelaget vårt, og dei ligg heilt på botnen av tabellen i 5. divisjon. Men det var det ingen som kunne sjå då dei tok imot BI frå Bergen til seriekamp søndag ettermiddag.

Fitjarjentene tok straks føringa, og midt i første omgang sa dei farvel til gjestene frå Bergen, og gjekk til pause med suverene 14-6.

I andre omgang kom Charlotte Ayoe Levåg skikkeleg i siget, og Fitjar låg lenge 10-11 mål føre motstandarane sine. På slutten tok studentane seg litt saman og reduserte eit par gonger, men sluttresultatet blei så klart som 25-17 til Fitjar.

Toppscorar for Fitjar blei nemnde Charlotte A. Levåg.

Maria G. Larsen scora tre mål, men her har visst ballen forsvunne. Foto: Kjetil Rydland.
Julie Skjerve Jensen med fire mål mot BI i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Hanne Arnevik (keeper), Lisbeth Nesbø (1), Martine Fredlund (2), Anita Haugland (2), Maria Larsen (3), Emilie A. Hystad (1), Nina Silden, Charlotte A. Levåg (6), Ingvild Rimmereid (2), Julie S. Jensen (4), Renate Olsen (1), Anna Thorland, Monica V. Helland (3).

Altfor få fekk med seg noko så kjekt som ein handballsiger på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

- Annonse -