Søndag 19. september er det klart for kyrkjelyden sin årsfest på Fitjar bedehus. Samlinga startar klokka 16.00

– Kyrkjelyden i Fitjar femnar svært mange, og me håpar å sjå både små og store der. Med oss på festen blir prosten og tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Øystein I. Larsen. Me gled oss til å høyra biskopen sine spanande tankar om «En ganske alminneleg kirke, eller..», opplyser soknerådsformann Roald Drønen til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at det blir eige opplegg for dei minste under talen og servering av kaffimat, frukt og is. Elles vil det bli song både av søndagskuleborn og ungdomar – og opplesing ved Gudmund Gloppen.

– Sidan det er jubileumsår for kommunen vår, har me òg utfordra ordføraren til å koma med ei helsing til kyrkjelyden, legg Drønen til.