Høgfloa fredag gjorde ikkje større skade på Fitjar. Det gjorde derimot stormen som herja natt til søndag.

På Larsenkaien i sentrum hadde ein 12 meter lang båt som låg fortøydd slete seg og vart så kassta inn mot fjæresteinane, der han søndag morgon meir eller mindre låg under vatn. Politiet fekk melding om dette kl. 05: 23 i natt, og representantar frå båteigar og Fitjar Brannvesen kom til stades og såg på forholda. Men på grunn av det dårlege vèret, blei det vurdert å ikkje gjera noko meir med saka der og då.

På Fitjar Mekaniske Verksted hadde vinden flerra opp duken på hallen, og dei jobba søndag føremiddag med å finna på nødløysingar for å berga utstyr for fleire hundre tusen kroner, som ville kunne bli øydelagt om regnet skulle koma.

Ved Skålevik, mot Kalveid, bles den gamle løa ned og vart liggjande som pinneved eit stykke ut i vegen, mens taket på bankbygget såg ut som om det var blitt angripen av ein kjempemessig fugl som hadde fått for seg at han ville hakka takstein.

Under floa fredag ettermiddag gjekk vatnet over moloen, men ikkje over kaien. I løpet av natt til søndag hadde derimot stormen kasta så mykje vatn opp på kaien at kummene ikje klarte å ta unna, slik at kaien no stod under vatn.

Elles var det òg mindre skader som  at nokre potongar på flytebryggja hadde løsna, og at vatnet hadde greve vekk ein del  grus på moloen, som var overfløymd fredag.

Truleg har det skjedd mykje meir.

Tips oss gjerne på 481 51 491. Har du bilete frå ekstremveret send det på MMS: 481 51 491 eller på e-post: tips@fitjarposten.no.