– Det ser ikkje akkurat lovande ut, seier fitjarbu og meteorolog i StormGeo, Frode Håvik Korneliussen, til bt.no. Foto: Meteorologisk institutt.

Onsdag blir det liten til sterk kuling, opp mot liten storm på Vestlandet, skal me tru prognosane. – Dette vêret er slett ikkje vanleg i fellesferien, seier Frode.

Han fortel til bt.no at det onsdag kjem inn eit lågtrykk frå Storbritannia som blir liggjande over Sør-Norge og gjev nordavind på Vestlandet. – For onsdagen betyr det kraftige regnbyger, seier han, og fortset:

– Utover ettermiddagen onsdag vil det byrje å blåse kraftig utover kysten. Me ventar nordleg stiv til sterk kuling, kanskje opp mot liten storm. Dette er særs kraftig vind for denne tida på året. Det er slett ikkje vanleg. Også på torsdag vil det blåse kraftig, men det vil ikkje vere fullt så vått, legg han til.

Han åtvarer vidare båtfolk om å vise omsyn på sjøen, og at folk må rydde vekk lause gjenstandar i hagane sine.

– Trampolinar og andre lause gjenstandar i hagar kan fort bli tekne av den kraftige vinden, seier Frode Korneliussen til slutt.

Frode Håvik Korneliussen. Foto: Frå youtube.com