Det var vàrt. Det var smeikjande. Det var frisk og feiande. Og det var til ettertanke. Kystkabareten  "Mennesket, båten og havet" hadde ein meny som gledde mange kulturelle smaksløkar hos oss.

Det einaste  som var trist var at berre 70-80 fekk med seg denne flotte førestillinga, laurdag kveld. For det var verkeleg ein god oppleving dei gav oss, kystrubadurane, som alle held til i Sunnhordland.

Flotte, varierte arrangement, som svinga frå det melankolske til det spenstige, frå vàr stemning til frisk sjømannsvals, smaug seg inn i sinnet vårt, og la trivnad og godt humør att, ettersom framsyninga gjekk sin gode gang.

Dette var kystkultur på sitt beste. Ingen ting å vera flau av. Mykje å gle seg over. Nyare viser, og god gamal nostalgi med gamle kjenningar som "Gamle Dampen, Vesle Daniel og Singel og sand, for å nemna nokon. All ros òg til orkesteret som var hand i hanske med songarane, heile vegen. Og Knut Vika leia det heile på ein framifrå måte.

Dei vesle sceniske kulisseinnslaga med mellom anna "småtøsane" i Bergen vart òg med  å krydra rettane, som me gjerne vil bli servert opp att, ved eit seinare høve.

medical steroids