Håkonarkvelden i Kultursalen, laurdag kveld, vart ei svært hyggjeleg stund i lag med "Håkonarfamilien".

For det synte seg at det bur utruleg mykje i denne gjengen som me har sett springande med sverd og vikingkostyme i parken dei siste åra, og laurdag fekk dei synt dette fram for bygdefolket, i staden for å ha Håkonarspel i år.

På mange måtar vart det igjen ei storstilt kulturmønstring med eit svært variert program, nært og avslappande leia av Tom og Harald Rydland.

Og det var mange som imponerte denne gongen òg. For oss blei Martin Hatlevik og det svingande bandet som kompa han på "Tanta til Beate", høgdepunktet denne gongen. I denne samanhengen imponerte òg unggutane Martin Hageberg (Bass) og Torodd Ottestad (gitar) som spela saman med rutinerte musikarar som Ole Christian Ottestad, Harald Rydland og Terje Træet.  Flott var det òg å høyra på 8. klassingane Johanne Fangel Brekke og Martine Tufteland Engelsen som framførte poplåten "Father and Son" til komp av det same bandet.

Denne gongen var òg Maria Malmsteen med. Ei stor oppleving. Ho kved berre heilt utruleg uanstrengt og uttrykksfullt, og me vonar det ikkje vert lenge før me høyrer ho att.

Som eit meir morosamt innslag hadde Terje Træet "saksa frå Sunnhordland" nokre tiår fram i tida, og han fekk skikkeleg respons frå salen på den artige teksten sin. Det gjorde òg Jørund Fjøsne som gjennom figuren Odd Vildensky fekk smilen fram på sin måte.

Harald Johan Sandvik og Ingolf Rimmereid gjorde ein god figur denne gongen òg, og spennande var det å høyre Kjetil Rydland lesa dikt på sin særeigne måte, med god innleving. Eit flott innslag var òg folkedansen til musikk av "Torodd`s gamaldansorkester". Og ikke minst var dansegruppa "La Bomba", der òg dei yngste i Håkonarspelet var med, eit flott innslag.

Osternes Mannskor leverte ei glitrande framføring av "Så skimrande var aldri havet". Shantyane var òg vakre, men me sat likevel og ønskte oss eit røffare uttrykk i framføringa av desse.

Alt i alt, ein svært triveleg kveld, som Bjørn Haaland innleia på høveleg vis med spennande glimt frå Fitjar si historie, og Ivar Hovland skal ha ros for god lyd, endå ein gong.

Flinke og sjarmerande unge i "La Bomba". Foto: Håkon C. Hartvedt


Martine og Johanne med ei flott framføring av "Father and Son". Foto: Håkon C. Hartvedt


Glitrande kveding av Maria Malmsteen. Foto: Håkon C. Hartvedt