Går det bra med alle prosedyrar og høyringar som trengs før kontraktunderskriving, kan Fitjar Mekaniske Verksted AS vera sikra arbeid fleire år framover med nybygg for Kystverket.

Verftsdirektør ved Fitjar Mek., Hugo Strand, fortel til sunnhordland.no at dei har svært godt samarbeid med Wärtsilä Ship Design om tilbodet og at det er tale om ein fleirbruksbåt på 45 meter. Ein båt som mellom anna skal brukast innan oljevern. Skroget skal etter planen byggjast i utlandet og koma til Fitjar for utrusting hausten 2011.

– Sidan kontrakten enno ikkje er skriven under, kan eg ikkje gå ut med storleiken på arbeidet og dei økonomiske sidene. Men går dette i orden, så vert det den første kontrakten på nybygg som Fitjar Mekaniske skriv under på fire år. Siste nybygget me leverte var for halvanna år sidan. I beste fall kan dette bety svært mykje for Fitjar Mekaniske i framtida. Kystverket er eit reiarlag med ein stor flåte, og kan bli ein viktig kunde for oss, seier Hugo Strand og minner om at det berre er tre-fire år sidan at fitjarverksemda låg nede for teljing økonomisk med store underskot og dystre framtidsutsikter.

Heldigvis valde eigarane å satsa på oss, og år for år har me greidd å byggja oss opp att. I 2008 gjekk økonomien i balanse. I 2009 hadde me eit fint overskot, og i år ser det også ut til å gå svært godt. Får me kontrakten med Kystverket og gjer ein god jobb der, trur eg Fitjar Mekaniske går ei lys framtid i møte, seier Strand til sunnhordland.no.