Fredag 25. april vert det storkonsert i Kultursalen i FKIB. Heile tre mannskor syng då våren inn – og du kan ta del i allsongen.

Dei gjorde det første gong i fjor. No vil dei tre mannskora i området vårt gjenta suksessen. Sjølvsagt er vårt eige Osternes Mannskor med, og som ifjor har dei med seg Leirvik Mannskor og Mannskoret Havdur frå Bømlo. 

Spesielt er det at to av kora jubilerer i år. Rundast tal har Leirvik Mannskor som er 100 år i år. Osternes Mannskor er 80.

No når finevêret i det siste verkeleg har tent vårgleda i oss, trur me ikkje ho vert mindre om ho vert krydra av vakre vårtonar òg.

I alle brukte fitjarposten.no mange superlativer etter konserten i fjor. Me er difor trygge på at dette verkeleg er noko å gle seg til.