I morgon ettermiddag vil Fitjar IL sikra opprykk til 4. divisjon dersom dei klarer minst uavgjort mot Trott på bortebane.

Det ligg såleis an til dramatikk og underhaldning i Prestagardsskogen kl. 15.00 i morgon ettermiddag. Fitjar har lege i toppen av puljen sin heile sesongen, og er svært nær opprykk til 4. divisjon, medan Trott måtte sjå toget gå frå seg for eit par veker sidan.

Sjølv om Fitjar ligg komfortabelt til på toppen, kan det skje at dei hamnar på den sure tredjeplassen dersom dei taper dei tre siste kampane sine. Framleis kan anten Halsnøy eller Vestsiden-Askøy gå forbi, men ikkje begge to, for dei skal møtast i serieinnspurten. Vår favoritt til å stikka av med den eine opprykksplassen er Løvstakken, det beste laget Fitjar har møtt i år. Dei vann gårsdagens kamp mot botnlaget Hetlevik med heile 5-0, og ser ut til å vera i form.

Kampane mot Trott plar vera tøffe oppgjer der mykje prestisje står på spel. Trott har lite å spela for, men vil nok ikkje gi ved dørene mot Fitjar. Dei har heilt sikkert ikkje gløymt det sure nederlaget på Fitjar-graset i vår. Sjeldan har vel den gamle Fitjar-venen Leif Dikki Steensohn hatt betre grunn til å vera skuffa enn då Fitjar lurte Trott for alle poenga den gongen.

I morgon får altså Fitjar den første av tre matchballar i serieinnspurten. A-lagsspelarane vonar at flest mogeleg slår følgje til Prestagardsskogen i morgon for å heia dei fram til opprykk frå 5. divisjon.