"Heile og halve bygda" med Fitjarfolk pluss mange frå Leirvik og andre plassar, gjorde at det vart eit yrande folkeliv under julegrantenninga og søndagsope i Fitjar sentrum i går.

Med det fine vèret vart det nettopp den steminga arrangørane vona det skulle bli rundt dette arrangementet.
-Og så var det jo mykje kjekt program, med lavo, juleverkstad, konkurranse, korps, barnegospel, juletregang og meire til. Fakkeltoget, som strekte seg frå Larsen til Banken i lengd, gjekk til sjukeheimen, der me song julesongar, før me gjekk tilbake til sentrum for å tenna julegrana og gå rundt treet, fortel Steinar Vik  som òg har sendt bilete til Fitjarposten.