Når Kristoffer Dalen skaffar seg nytt beiteland ved å ta ut 60 mål sidkagran til ein samla kubikk på rundt 2800, snakkar vi så absolutt om storhogst.

Hogsten har funne stad på felt på begge sider av vegen frå Tongane til Reino, og dei som køyrer vegen no kan gle seg over eit mykje opnare landskap enn tidlegare. – På sikt skal det bli grøne bakkar her, fortel Dalen.

På ein del av områda skal han ha kyr eller ungdyr, og på resten skal han dyrke, ikkje poteter, men grønt.

Det er Vestskog AS med underleverandørar som står for arbeidet, og Kristoffer Dalen har berre godt å seie om arbeidet dei gjer. – Dette er gode folk som kan jobben sin, seier han utan det minste tvil i stemma.

Skogbruksleiar Iver Blokkum i Vestskog SA seier til fitjarposten.no at når dei får ein slik jobb, kjem dei først på synfaring og vurderer det som står på rot. Dei organiserer vidare det heile inklusiv tømmertransport og sal av tømmeret – og kjem med innspel om utfordringar innan vegbruk og miljø. Om skogeigaren ikkje vil nytta hogstfeltet til nytt beiteland, men heller plante opp igjen, kan Vestskog hjelpe til med det òg.