Foto: Ingrid Hovstad

Teletårnet har blitt pynta til jul, og ordføraren håpar det kan bli ein fast tradisjon.

– Før valet i haust sette eg meg nokre målsetjingar om kva eg ville prøva å få til dersom eg skulle få lov til å bli ordførar. Nokre av dei var små, medan andre var litt større. Ei av dei heller små målsetjingane fekk me på plass i dag, melder ordførar Harald Rydland.

Han fortel vidare at Teletårnet som har stått i bygda sidan 1960-talet ikkje har hatt ord på seg å vera til pynt i Fitjar.

– No har me fått til å montera lys på tårnet, slik at det i alle høve kan vera med å skina over bygda nokre veker i advent-og juletida.

Vidare takkar han gode samarbeidspartnarar for at lysa har blitt realitet.

– Det er Telenor som eig tårnet. Dei har vore positive til å få gjennomført lysprosjektet. Vidare har me hatt gode lokale krefter som har stilt opp. Lerøy Sjøtroll har bidrege med lyslenker, Aarskog Elektro har hjelpt til med elektrisk, medan Thomas Dahl har utført klatrearbeid på tårnet. Eg vil takka alle desse for velvilje og god hjelp, fortel ein blid ordførar.

Han håpar dette kan verta ein ny tradisjon.

– Dersom lyssetjinga på Storhaugen får gode tilbakemeldingar, kan me gjerne få gjort enno meir ut av det til neste år, avsluttar ordføraren.